onsdag 14. mai 2014

Snøbakketeknikk er greit å ha på bratt føre


Bratt lende med god snø. Foto Bjørnulf Håkenrud 
Det var i sluten av april at B2 friluftsliv skulle på tur til Hurrungane i Jotunheimen. Det var meldt knall sol heile veka og det var duka for ein fin minitoppturcamp. Turen strata på Turtagrø og vidare inn ca 3 km til leiren i starten av Ringsdalen. Dette er eit bra utgangspunkt for fine toppturar i området. Nokre av læringsmåla for denne turen var å lære

korleis takle og unngå ei eventuell utglidning med eller utan steggjern og isøks.

Gå teknikk i bratte lende
DNT-fjellsport,(1999) s.59
Når ein går i bratte lende som er snødekt med isøks og steggjern er det viktig at kvart steg skal være solid slik at ein unngår å miste ballansen. Vi vill ha mest mulig piggar i kontakt med snøen slik at ein har godt feste. Ein kan enten gå rett opp ein bakke eller så kan ein traversere, dette er avhengig av om snøen er mjuk og at det ikkje re altfor bratt. På hardt føre kan det være tryggast å gå rett opp. Isøksa er eit viktig reiskap for å unngå utgliding, når ein går er det viktig at ein kjører økse skaftet heilt nedi snøen, slik at ved viss skoen glipp vil ein kunne hovud seg igjen i øksa (DNT-fjellsport, 1999) 

Utglidning, bremse teknikk
DNT-fjellsport,(1999) s.55
Når uhellet først er ute og du har begynt å gli handlar det om å kunne stoppe fortast mogleg, for ein vill oppnå stor fart i løp av veldig kort tid, så ein bør handle raskt. Bremse teknikk med og utan isøks går ut på dei same prinsippa, det handlar om å få tyngda over få kontakt punkt. Når dei ein begynnar å gli utan isøks og stegjern skal ein komme seg over på magen og reise seg på tærne og albogane. Kroppen skal vær stiv.
Når ein har med seg isøks skal ein legge øksa i bremse stilling før ein snur seg på magen. Øksa skal plasseras diagonalt over kroppen der ein har den eine handa på toppen av øksa og andre handa i enden av øksa. Øksebladet skal plasseras under skuldra for å kunne få mest mogleg vekt over bladet. Viss ein har stegjern på seg skal ein ikkje bremse med dei, for det er lett at dei kan hekte seg i hardare parti i snøen og kaste deg i rundt, dette kan ende med eit brud i foten. Du skal heller bruke knea under oppbremsinga (DNT-fjellsport 1999) 

Innlæring av bremse teknikk
Bremse teknikken er ein teknikk ein brukar i bratt lende og bør derfor øvas på i bratt lende der konsekvensen for i utglidninga ikkje vill være spesielt store. Det kan være lurt å finne eit heng som er har ein konkav formasjon i botnen slik at ei vill stoppe av seg sjølv viss ein ikkje skulle få til bremse teknikken. Når ein undervisar i bremseteknikk kan vi som lærarar vise fyrst for så å la elevane få prøve å feile mens du gjev dei rettleiing om ting som eventuelt burde forbetras med teknikken.

Kjeldeliste

DNT-fjellsport, (1999), Breboka, Den Norske Turistforening, Oslo   


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar