torsdag 21. november 2013

Kos og hygge i skogen



Foto: Jonas Lillebø
Semesterets siste tur var ein femdagars tur, der skogsfriluftslivet stod i fokus. Turen innehald blant anna gapahuk, masse mat og høg bålfaktor. Det som var lagt størst fokus på var det å bruke bålet til å lage mat som for eksempel å bruke koke grop.

Kokegrop er ein eldgamal måte å lage mat på. Det er funne kokegroper som stammer frå sluten av den eldre steinalder, ca 4000 fr.k. Denne måten var den beste måten å lage mat på helt fram til dei klarte å lage gryter av kleberstein og jern i den yngre jernalder. (Foolaid, 2009)
-          Vi lagar ei kokegrop ved å grave eit hol som er ca 30-40 cm djupt og stort nokk til å få kjøttet vårt nedi.
-          Så murar man eit golv og veggar av stein i kokegropa og fyrer eit godt bål nedi der.
-          Når steinane er varme tar man ut det som er igjen av bålet.
-          Og legger nedi kjøttet som er pakka inn i aluminiumfolie ned i koke gropa og legg nokre steinar opp den.
-          Så legg vi oppå torva igjen og tettar igjen resterande hol med jord. Du veit at det er bra når det ikkje stig røyk opp av gropa. Dette gjer vi for å holde på varmen i gropa.
-          Så skal kjøttet ligge å steike i eit par timar, spørs på storleik på kjøttet, vi hadde eit lamme lår på 3 kg, det måtte ligge 2,5t.
-          Når kjøttet er ferdig stekt er det berre å grave det opp igjen, og bon appetit.
(Mytting og Bischoff, 2008)

Her er ein kort video frå da vi lagde koke grop.



Klargjering av lammelår  Foto: Jonas Lillebø
Det å lage kokegrop saman med elvar i skulen kan være ein veldig bra måte å lære om steinalder kultur (historie) og korleis ein lagar god mat (heimkunnskap). Her kan vi som lærar legge opp til at elevane sjølve får lage maten og kokegropa sjølve, mens vi som lærar kan gå rundt å forklare og lære dei om kokegropa og bålfyring.   
Foto: Jonas Lillebø

Kjeldeliste
Foolaid E. 2009 http://www.natursekken.no/c1187998/artikkel/vis.html?tid=1212412&within_tid=1188274 (21/11 2013)


SOS, når ulykka er ute



Foto: Jonas Lillebø
Det var tid for vegleiartur for friluftsliv klassane. Dette var ein tur der kvar gruppe bestod av studentar frå B1, B2 og B3. Der det var B3 studentane som hadde hovud ansvaret på turen. Under turen oppstod det eit uhell der ein student falt forstua okla. Eg vill no beskriv korleis ein skal utøve fyrstehjelp ved denne typen skade.

Ved forstuing også kaldt overtrakk av okla, skadas, rivnar eller stekkas leddbanda i okleleddet. Ei forstuing vill ein oppleve smerte og okla vill hovne opp. Viss ein kjente et rykk eller at noko rivna da du trakka over, kan det antyde at eit leddband er rivna av fullstendig. Denne typen er mest alvorleg.
Når vi skal behandle ein forstua okle anbefalas å bruke RICE-prinsippet. Dette er ein forkorting for:

·             ”Rest". Beinet skal holdast i ro.
·             "Ice". Is. Okla skal nedkjøles.
·             "Compression". Kompresjon med elastisk bandasje.
·             "Elevation". Elevasjon. Foten skal holdast heva.
(BMJ Group 2012)

Transportetappe av den skadde (Foto: Ut.no/kart) 
Når denne hendinga oppstod, følte eg litt panikk og viste ikkje heil kva eg skulle gjer, heldigvis tokk vegleiarane ansvar og vi fikk tatt av oss pasienten på ein ordentlig måte. Vi fikk lagt pasienten ned på bakken og heldt ho rolig og varm. Etter dette begynte vi med å kjøle ned okla. Sidan vi ikkje hadde is brukte vi heller våt mose som vi putta oppi ein plastikpose. Mens vi kjølte ned foten begynte vi å tenke på korleis vi skulle få ho ned. Vi fann ut at det var ca 1,5km ned til nærmaste veg og at viss vi spjelka foten godt nokk ville vi klare å støtte ho heile vegen ned til vegen der vi ordna med ein bil som skulle hente ho. Etter ei stund med nedkjøling hadde vi på kompresjonsbandasje og for å få ekstra støtte bretta vi eit liggeunderlag i rundt foten. Og etter kvart som vi begynte å gå ga smertene seg meir og ho kunne nesten belaste foten. Og etter ei god stund kom vi ned til vegen der ho vart henta av ein bil, som kjørte ho til legevakta.

Når vi skal undervise om fyrste hjelp er det viktig at prøver å lage huskereglar for folk, som for eksempel RICE prinsippet. Dei må og lære å improvisere med ting dei har i sekken og ting dei kan finne i naturen. Men det viktigaste er at ALLE bør ha eit eige fyrstehjelp utstyr som dei er kjend med og kan bruke, med seg i sekken. (Mytting og Bischoff, 2008)

Kjeldeliste


Mytting I. og Bischoff A. 2008, Gyldendal undervisning, Oslo 

Kart utsnitt Ut.no/kart


Cola med is, utan cola


Foto: Jonas Lillebø
B2 skulle igjen ut på nye eventyr, denne gongen gjekk turen til Jostedalen der vi skulle ha brekurs, her gjekk vi gjennom ei veke lære oss korleis bevege oss trykt på bre.

Når vi går på bre er det mange farar som lurar, hovudsaklig er det bresprekker ein må passe seg for når ein går på bre. Men kva gjer vi når ein i taulaget dett nedi ei sprekk?
Då er det viktig å være snartekt og effektiv for å få vedkomande ut av sprekka. Ein rednings aksjon er ofte stressande så då er det viktig å bruke ein metode som ein kan og ikkje ein man berre har hørt om. (Haslene, 2008)

Kamerat redning
Det fyrste ein bør prøve er å berre å få taulaget til å trekke vedkomande opp ved å bevege seg bakover.
Viss dette ikkje fungerar så kan ein bruke kameratredning, eller nærmar bestemt ei hjelpe talje. Det fins mange formar for hjelpe talje, men eg vill beskrive ein av dei enklaste formane, 1:2 talje:

Foto: Jonas Lillebø
1.      Fremste personen har falt nedi sprekken, kjøttvekta (resten av taulaget) held igjen slik at vedkomande ikkje fell lengre nedi sprekken.









Foto: Jonas Lillebø
2.      Andre mann avlastar tauet med ein klemknutte som er festa i ein isskrue. No kan resten av taulaget slappe meir av. Og andre mann kan begynne med hjelpetalja.








Foto: Jonas Lillebø
3.      Han skur ned i ein ny isskrue og festar enden av ekstra tauet i den. Han lagar ei løkke med ein skrukarabin som han firer ned til vedkomande, som festar hann i sentralløkka i selen.







Foto: Jonas Lillebø

Foto: Jonas Lillebø





4.      Andre mann kastar bak resten av tauet til dei andre i taulaget, som kan begynne å dra vedkomande opp. Samtidig som dei trekker personen opp må vedkomande stramme inn klemknuten sin slik at viss talja skulle rykke får ho ikkje noko langt fall. I tillegg er vill taulaget være utspent når ho kjem opp.
(Haslene, 2008)












Korleis undervise om kamerat redning.
Når ein skal undervise om kamerat redning bør ein gjer det minst mulig komplisert. For det fins mange versjonar av hjelpetalje, og ofte blir dei gjort meir komplisert enn nødvendig. Eg har sjølv opplevd at etter fullført brekrus at eg ikkje hugsar korleis ei hjelpetalje skulle gjerast fordi den var for komplisert. Så ved å gjer dette så lett som mogleg vill det bli lettar å hugse korleis utføre kameratredning.
Når ein skal gjennomføre kan det være greitt å vise korleis den skal gjerast først for så å få taulaget å gjere det etter på, her kan vi unngå å blande oss og la dei samarbeide om å få det til.  

Foto: Jonas Lillebø
Eg hadde vært på bre før og så alt var ikkje nytt for meg. Men det var fint å få repetert korleis ein utførar ein enkel kameratredning. Det som var nytt for meg og ei ordnig eg likte var å bruke fleire korte tau enn eit langt. Ved å bruke fleire tau blir alt meir fleksibelt og enklare, for eksempel ved kamerat rening, så kan den som faktisk står nærmast kanten jobbe, i staden for å måtte sende fram bakarste mann som står omskrevet i breboka til Haslene (2008)

Kjeldeliste

Haslene S. Red. Breboka, håndbok i brevandring, 2008, Dnt fjellsport, Oslo   

Gjennom skog og over fjell


Årets fyrste lang tur skulle av staben og destinasjon var ein 7 dagars tur frå Grinde og over fjellet Sogndal. Her var det eit ekstra fokus på geologiske fenomen og planter i fjellet. Eg har plukka ut ti planter vi såg på turen


Musøre
Foto: Kjerstine Mæhle Skjøtskift
Blir ofte kaldt fjellets minste tre. Detter er fordi planta forgreinar seg under bakken, sjølv om det ser ut som det er mange planter er det ei sterkt forgreina plante med mange skott som stikk opp. Musøre spreier føra sine ved hjelp av vinden som fangar opp føra som er festa på bomullsaktige tråar. Musøre er veldig tilpassingsdyktig så lenge den unngjeng konkurranse med andre planter. Derfor finn vi den der få andre planter klarar å etablere seg, sån som i snøleier, fuktige heier og andre fuktige plassar. I Sør-Noreg finn vi han kunn oppe i fjellet men i Nord-Noreg kan vi finne han heilt frå fjøra og langt oppi fjellet. Den er blitt funne i 2200 moh.  Musøre får knoppane sine på seinhausten slik at når våren kjem og snøen forsvinn kan den raskt skyte ut blada sine. Det er derfor ein kan sjå rein og andre beite dyr i enden av snøleia på våren. (Ryvardens, 2006)


Foto: Jonas Lillebø
Einer
Einer er Noregs mest utbredde bartre, i fjellet er ho som regel lav og krypande. Frøa er inni bæra, som bruker to sesongar på å bli moden. Eina kan bli veldi gammal, det er funne eksemplar som er rundt  1000 gamle. Veks ofte i beiteområde og på høgfjellet, er ofte ein av artane som tar over når seter drifta stopper (skusejon). Einer er ein av våre gamlaste medisin planter og krydderplanter. I mat blir det bæra ofte brukt til viltrettar, greinene kan også brukas som krydder, blir ofte brukt til røyking av fisk og kjøtt.
Eina veks frå Lindesnes til Nordkapp, og kan vekse opp mot 1730 moh. i Sør-Noreg. Den er veldig tilpassingsdyktig og veks i nesten all jord, så lenge det lys nokk. (Kristoffersen, 2007)


Rosenrot
Foto: Ryvardens, 2006, s.63
Rosenerot er ein blome i bergknappfamilien. Var plante har både hann og hun blome. Blada er tjukke og inne held mykje vatn, dette gjer at den tåler mykje tørke. Etter pollennæringa døyr hannblomen mens hoblomen blir værande og utviklar røde belgkapslar. Arten finn vi overalt i høgfjellet, og er funne opp i 2300 moh. på Galdhøgpiggen. Rosenrot har blitt brukt i hårvask og i medisinen. Den har eit høgt innhald av c-vitamin og har blitt brukt mot for eksempel sjørbuk. I dag blir den selt som eit potensaukande middel. (Ryvardens, 2006)









Fjellsyre
Foto: Ryvardens, 2006, s.23
Fjellsyre er ei plante som veks i høgfjellet, den likar seg ved snøleier og smeltevantsbekkar. Blada er samla ved bakken mens blomen sitt tett saman på eit aks. Den formeirar seg som regel utan pollennæring. Den sper seg ved at fuglar et frukta og tar med seg frøa vidare. Blada inneheld like mykje c-vitamin som solbær og har blitt brukt som grønsak. Den har blitt brukt som midel mot skjørbuk. (Ryvardens, 2006)










Tyttebær
Foto: Jonas Lillebø
Tyttebær er eit bær som fortsatt er populær å plukke. Blada til tyttebæra er tjukke og læraktig, den er og vintregrøn. Før bæra kjem har tyttebær planta kvite klokkeforma blomar. Bæra er raude. Den veks i lyngskog og heier. Tyttebæra er vanlig i heile landet, og er funne opp mot 1800 moh. Bæra inneheld eit naturlig konserverings middel, benzosyre og held seg derfor svert godt.  (Kristoffersen, 2007)


Molte
Foto: Jonas Lillebø
Molta er i slekt med bringebæra, dette ser vi godt på bæra. Den fins i heile landet, vanligast i fjellet og på myr i fjellskog. Folk blir ofte skuffa, for på moltemyra kan det være masse blomar, men det treng ikkje bety at det blir masse molte. For hannblomen gjev nemlig ikkje frukt. Molta har og mange utløparar, så det som ser ut som mange planter, kan i realiteten ei plante med mange utløparar. Dette forklarar kvifor kunn nokre deler av myra som gjev frukt.  Molta er veldig følsam over regn og frost og dette kan stoppe all utvikling av bær. (Ryvardens, 2006)


Fjellkrekling
Foto: Jonas Lillebø
Krekling fins i heile Noreg, men det er hovudsaklig i fjellet vi ser han. Dette er fordi den er ein krypande vekst og treng masse lys for å overleve, det er derfor vi finn han tørre rappar, knausar og heier, der ikkje treng å konkurrere om lyste. I tillegg har den blad som er fleirårig, slik at så snart snøen smeltar kan den begynne å vokse igjen. Krekling er ein stein frukt sån som plomma, så når vi spis han blir til at vi pressar ut det meste av safta for så å spytte ut steinane. Hovudsaklig er det fuglar som spis krekling. (Ryvardens, 2006)


Kartlav
Kartlav er ein skopelav og ein våre vanligaste lavartar. Den veks på berg og stein. Og veks på sure bergartar som granitt og gnei. Den kan finnes heilt frå havnivået og til toppen av fjellet i Noreg. Når vi går inn mot ein isbre kan vi finne kartlaven på steinane. Den kan seie oss kor lenge sidan isbreen var her. Den veks ganske sakte, ca 5mm på 10år. Dermed kan vi rekne oss til kor lenge sidan breen dekte vekstplassen. (Hamre, 2011)


Kantarell
Foto: Jonas Lillebø
Kantarellen er eggegul, med ei uklart skille mellom hatt og stilk. Den kan bli 5-10cm høg og opp til 10 cm brei. Kantarellen er ein av dei beste matsoppane vi finn i skogen. Den veks fjellbjørkeskog og i fjellet og veks i som regel klynger. Vi finn han i skogen mellom juli og november. (Hamre, 2011)

 



Duskull
Foto: Victoria  Ronnback 
Duskull kan minnas om torvull og snøull, men kan lett skillas ved å sjå at duskullen har to eller fleire aks på toppen av stilken. Den veks i myr, snøleier og ander våt plassar. Den er vanleg i alle fjellstrøk i Noreg, til og med på svalbard. (Kristoffersen, 2007)

Når ein skal undervise om blomstar kan det være lurt å oppsøke dei områda der planta veks. Då får elevane eit meir fysisk minne av planta. Og undervisninga blir meir induktiv og fri enn den vanlege klasseromsundervisninga. Og det vi gjer i praksis hugsar vi som regel betre. (Jordet, 2010)


Før eg begynte på studie kunne eg svært lite om blomster, men etter som eg lærte meir og fikk lov til å studere plantane vart eg meir og meir spennande. Det som gjorde ting litt meir spanande var å få vite litt om kva planta har blitt brukt til i gamle dagar.


Kjeldeliste 
Hamre H.B, 2011 Fjellet, Cappelen Damm, Oslo 
Kristoffersen T. 2007, Det blomstrende fjellet, Vigmostad og Bjørke AS, Bergen
Ryvardens L. 2006, Fjellflora, Damm, Oslo



søndag 22. september 2013

Jåg kan segla for utan vind, men treng ei åre

Kanotur

Foto: Jonas Lillebø
Det var tid for årets første tur for B2 friluftsliv. Det var duka for kanotur frå Alma til Holm i Sognefjorden. Ved oppmøte på Alma var været med oss og vi hadde sol frå blå himmel og flatt vatn. Padleturen var på ca 6 km og vi hadde fordelt oss i kanoane slik at vi hadde minst ein i kvar kano som hadde erfaring med å padling.

Før padleturen starta vart dei tre hovud padletaka presentert for oss :
-          Drivtak
-          J-tak
-          Sveiptak

Drivtak
Drivtak er taket som skaper mest framdrift, Myting skriv:



    1. Sett åra vertikalt i vannet så langt fram som mulig utan at du lenner deg serlig framover.
    2. Vri eller rotter i setdet overkroppen, og trekk åra bakover med overkroppen og nesten rette armer.
    3. Avslutt taket når bladet er i høyde med hofta, ved at du løfter det flatt framover mens den ligger parallelt med vannet. Tenk på luftmotstanden. Armene skal være strakke og henge ned, og skuldrene skal være senket slik at du får hilt muskelene i denne sekvensen.
    4. sett åra i vannet igjen og gjenta sekvens.
                      (Mytting. 2008. s.177)
Foto: Myting. 2008. s.177

J-tak
J-tak er eit såkalla svingtak og blir helst brukt til å rett opp kursen på kanone. Det er bakertset mann som brukar dette taket. Myting skriv:

Foto: Mytting. 2008. s. 177
 Åra settes i og starter som et drivtak. Roter trykksiden på padleåra gradvis utover og avslutt i same posisjon som for bremsetak, emn nå ligger altså det som har værtåras trykkside, skrått ekk frå båtsiden. Tommelen på handea om grepet vill nå peke nedover. Det er denne hånda som gjør jobben, og den roterer åra motsatt vei av bremsetaket. Også her blir effekten større jo meir bladet blir presset utover frå båtsiden når den er venddt til ”ror-posisjon”. … J-tak har fått namn etter bokstaven J og det mønsteret åra tenger  gjennom vannet                                                            (Myting. 2008. s.178)
Foto: Mytting. 2008 s. 180

Sveiptak
Sveiptak er eit anna svingtak som blir brukt for å svinge motsatt veg som j-taket. Mytting skriv:

Sett åra i vannet på same måte som ved drivtar. Men i stedet for å trekke åra bakover parallelt med og inntil ripa dra du årebladet utover og bakover i en bue og avslutter helt inttil båtsiden bak deg.                                                                                                   (Mytting. 2008. s.180)

Desse taka er dei mest grunnleggande når det gjeld ferdsel med kano. Og ved innlæring av desse taka for ungar vil det mest hensiktsmessig å først fokusere på drivtaket først. Sidan det er utgangspunktet stillinga for dei to andre taka og at det er dette taket som brukas til å få kanonen framover. Og etter kvart som ungane meistrar padlinga komme med sviep og j-tak som dei kan bruke til å holde kanone på rettare kurs.

For min eigen del var ikkje alt nytt for meg før kanoturen, men i eg brukte ikkje desse taka konsekvent når eg padla. Eg brukte heller å bytte side når eg skulle svinge i staden for å bruke sveip og j-tak. Men læraren oppfordra meg heller til å prøve desse taka forstod eg meir poenget med dei. For det å bytte side for kvar gang ein må korrigere kursen vill sei at du fort kan falle ut av takta som du og din medpadlar har. I tillegg kan ein fort svinge for mykje og ein må rette opp kursen enda ein gong, viss dette problemet vedvarar vil du padle i sikksakk, og ein vil tape fart i svingane på grund av motstanden i vatnet.   




Kildeliste 
Mytting,T og Bischoff, A. (2008) Friluftsliv. Gyldendal undervisning