fredag 14. november 2014

Vive la France



Gode vinar og Europas største canyon

Den aller siste turen for B3 var ein tur med stor T. Frankrike var landet, Provence var område og Correns var plassen. Her skulle vi klatre og oppleve det beste av den sydfransk kulturen og naturen kunne tilby. God vin og fantastisk kalkstein skulle være to av hovud ingrediensane for turen. I tillegg til klatring i eit lokalt klatrefelt var det ein dagstur til Europas størst canyon, Gorges du Verdon (Gordonkløfta). Ho er ca 20 km lang og over 300 meter djup. Gjennom canyonen renn den turkise farga elva Verdon. Geologien i dalen er heilt spesiell på grunn av kalksteinen formasjonane som har blitt vaska ut av elva.
Foto: Jonas Lillebø



Kalksteinen i Provence stammer fra mange millionar år sidan då landet var havbotnen, her vart det lagt igjen store mengder av setningar av kalk frå marine dyr og planter, dette vart etter kvart fortseina og når landet vart heva sprakk fjellet opp og elver og isbrear kunne vaske ut djupe forsenkningar i den mjuke steinmassane (Spjeldnæs, 2012 og Wikipedia, 2013). 




Ved å ta med studentgrupper inn i eit slike klasserom skapar du som lærar eit god læringsrom for studentane dine. Her kan dei gå å studere korleis elva har vaska ut dallen og kvifor dalen har blitt som han har blitt.    


Under oppholdet besøte vi også ein lokal vingard der vi fikk ei inføring i korleis dei produserar vinen sin. Hovud tema under besøket var å få smake på dei ulike vinane, vi fikk forklart korleis ein burde smake.
  1. Luft vinen godt i glasset, for å fjerne garvestoffene.
  2. Lukt godt på vinen, vis vinen lokter godt vil ein mest sansylig like smaken også
  3. Smak på vinen, vask munnen med vinen og så svelge eller spytt ut 
Foto: Jonas Lillebø

Foto: Jonas Lillebø
Kjeldeliste

Spjeldnæs, Nils. (2012, 24. februar). Kalkstein. I Store norske leksikon. Hentet 10. november

Wikipedia (2013 5.oktober). Gorges du Verdon.  Henta den 10 november 2014 frå http://nn.wikipedia.org/wiki/Gorges_du_Verdon 

Det rolige livet i skogen



Etter iherdig planleging frå meg (Jonas) og min kompanjong Siren, var det igjen klart for årets vegledar tur. Turfølgjet bestod av totalt 6 studentar, to frå kvart kull. Her var stor variasjon på kva erfaringsbakgrunn ein hadde, nokon hadde kryssa Grønlandsisen, hadde andre ikkje brukt soveposen sin aktivt ute sidan ungdomsskulen. Dermed var det opp til oss som vegledarar å legge opp til ein tur der all kunne få ein god oppleving i naturen. Dermed vart fokuset vårt på denne turen tradisjonelt firluftliv med bål og leirliv. I løp av turen fikk dei blant anna erfare å lage enkel og god mat på bål, som innbakt pizza og lammelår i kokegrop. 

Mat+bål=great suksess Foto Jonas Lillebø 
Turen gjekk til Fimreite åsen, heilt yters i Sogndalsfjorden. Dette er ein veldig historisk plass for det var i fjorden utanfor Fimreite at ein av Noregs største sjøslag har blitt utkjempa. Dette var slaget mellom Kong Sverre og Kong Magnus i 1184, der Kong Sverre gjekk sigranes ut kunn takke være sin taktikk under slaget, Kong Magnus og ca 2000 mann falt under slaget (Ulvund, 1999). 

 
Bålkos i skogen Foto: Jonas Lillebø
Eit av læringsmåla våre for denne turen var å kunne vise at friluftsliv handla om meir enn å gå langt og gjere ekstreme ting. Vi ville vise dei at det går fint å ha ein tre dagars tur der vi nesten kunn fyrar bål og ete masse mat. For å få litt meir fysisk aktivitet i løp av turen hadde vi på torsdag ei dessert orientering. Der vi på førehand hadde lagt ut tre postar i terrenget med ingrediensane til desserten vi skulle ha seinare den kvelden. Her var det B2 studentane som fikk ansvaret for økta, den einaste hjelpa dei fikk frå oss vegledar var kartkoordinatane til dei ulike postane. Oppgåva vi gav til B2 Studentane var å prøve å vegleie B1 studentane i orienteringa. På denne måten fikk begge studentgruppene nye erfaringar i løp av turen, B1 lærte betre å orientere og får betre kartforståing, mens B2 fikk meir erfaring i å drive med vegleiing i friluftslivsamanheng. 

Rolig leirliv Foto: Jonas Lillebø

Vetle Færøy, eit kulturhistorisk paradis


Igjen var det tur for B3 friluftsliv, denne gongen gjekk turen til ein plass yst i Sognefjorden, nærmare bestemt Solund og Litle Færøy. Solund kommune har ca 900 innbyggarar og har dermed fleire øyer i kommunen enn innbyggarar. 

På Litle Færøy er det ein gamla husmannsplass som eldsjela Roar Moe har slått seg ned og starta opp ein leirskule og eit senter for kystfriluftsliv i området. Han har restaurert  ein rekke bygg på øya i gamle teknikken grindverk. Dette er ein ca 3500-4000 år gammal byggeskikk. Denne teknikken er gjort nesten utan bruk av spiker, reisverket er består av grovt tømmer som er føydd i hop med trepluggar (Ryvarden & Lauritzen, 2006) (Herfindal, 2004).   

Tegning av skjelett til eit grindbygg Foto: Helge Schjelderup
I nausta har Roar ei imponerande samlinga av gamle bruks båtar, heilt frå er den vetle færingen til den store Jekta, dette var ein  båt som hadde blidt brukt til å frakte varer til og frå Bergen – Solund. Dei båtane som vi fikk bryne oss på var ein færingen (to årepar) og ein seksring (tre årepar). Dette var typiske kvardagsbåtar som blei brukt til fiske og generell transport i nærområde.
Det å ro gamle båtar kan vere interessant og spennande, vi fikk en grei innføring i forskjellen på  styrbord og babord, generell ro teknikk,  dei ulike oppgåvene til roarane, og kommandoar som styrmannen.

Dei ulike kommandoane var
·         Ro – ro vanlig
·         Strek – bremse med åra
·         Bake – ro baklengs
Roaren bakerst på babord side var taktholdar. 
Vi ror ein fjæring Foto: Jonas Lillebø

Det å ro ein båt kan vere ein god samarbeidsøving for eksempel elevar i skulen, her må dei samarbeide for at båten skal gå dit dei vil, det kan og vere lurt å rullere på plassane i båten slik at alle får prøvd å vere styrmann og taktholdar. 

Kildeliste
Herfindal K. (2004) Grindbygging: innføring i ein byggeteknikk. Norges Husflidlag 

Ryvarden L, Lauritzen P.R, Poulsson S. (2006) Kyst Norge, Gylendal, Oslo 

Helge Schjelderup (bilde) henta fra http://www.byggogbevar.no/pusse-opp-gammelt-hus/tre/artikler-trehus/grindbygg-%E2%80%93-byggeteknikk.aspx den 1.12.2014

Bratte gleder på kampesteinar


Etter ein heidundranes veke på klatrefeltet Kvam i nærleiken av Sogndal med masse klatring, vende
B3 studentane nasen inn mot det avsidesligaenes buldre paradiset Veitastrond. Her skulle dei bli
betre kjend med stein og mose og dei skulle prøve å trosse tyngdekraftas ved hjelp av friksjon,
teknikk og rå muskel kraft.
Gjermund på veg inn i eit buldreparadis Foto: Jonas Lillebø

Buldring kjem frå det engelske ordet «boulder» og betyr på norsk : kampestein / steinblokk. Altså
klatring på store steinar.
Buldring har nesten eksistert like lenge som tindesporten. I brygginga vart det mest brukt som ein
form for trening til dei store tinde ekspedisjonane. Til og med tindesportens far i Norge, William Cecil Slingsby dreiv på med buldring heime i Yorkshire England som trening før summarane i Norge (Grimeland,
2009).


Bulding med Barn og unge

I dag har sporten blitt meir reindyrka og blidt ein sjølv stendig aktivitet innan klatre sporten. Og er
Sveinung buldrer mens Gjermund spotter Foto: Jonas Lillebø
en aktivitet som er lett å ta med for eksempel ein skule klasse på og klare å skape høg aktivitet. Det
ein treng når ein skal drive buldring treng ein relativt lite utstyr, ein treng er buldrematter, eit par
stålbørster og klatresko til elevane. Buldring inneber relativ liten fare ettersom aktiviteten skjer på
kampesteinar eller på mindre bergveggar der fallhøgda aldri vil være veldig stor. I tillegg trengs det
berre litt sikkerheits opplæring slik at elevane kan sikre kvarandre. Sikringsteknikken som blir mest
Foto: Jonas Lillebø
brukt i buldring kallas «spotting», det betyr det er ein person som står bak klatraren og er klar til å ta
i mot viss han skulle falle. Spottaren skal i fange klatraren i lufta menn heller styre personen trykt ned
på buldrematta (Grimeland, 2009).

Vi som lærar/ledar for aktiviteten kan i steden for å kvalitetssikre at elevane sikrar kvarandre på
normal klippe klatring, kan ein på buldring bruke energien på å instruere og motivere elevane til å
teste sine eigne ferdigheitar.

Kjeldeliste
Grimeland, Geir. (2009) Bratte gleder - klatring med barn og ungdom. Akilles, Oslo