fredag 14. november 2014

Det rolige livet i skogen



Etter iherdig planleging frå meg (Jonas) og min kompanjong Siren, var det igjen klart for årets vegledar tur. Turfølgjet bestod av totalt 6 studentar, to frå kvart kull. Her var stor variasjon på kva erfaringsbakgrunn ein hadde, nokon hadde kryssa Grønlandsisen, hadde andre ikkje brukt soveposen sin aktivt ute sidan ungdomsskulen. Dermed var det opp til oss som vegledarar å legge opp til ein tur der all kunne få ein god oppleving i naturen. Dermed vart fokuset vårt på denne turen tradisjonelt firluftliv med bål og leirliv. I løp av turen fikk dei blant anna erfare å lage enkel og god mat på bål, som innbakt pizza og lammelår i kokegrop. 

Mat+bål=great suksess Foto Jonas Lillebø 
Turen gjekk til Fimreite åsen, heilt yters i Sogndalsfjorden. Dette er ein veldig historisk plass for det var i fjorden utanfor Fimreite at ein av Noregs største sjøslag har blitt utkjempa. Dette var slaget mellom Kong Sverre og Kong Magnus i 1184, der Kong Sverre gjekk sigranes ut kunn takke være sin taktikk under slaget, Kong Magnus og ca 2000 mann falt under slaget (Ulvund, 1999). 

 
Bålkos i skogen Foto: Jonas Lillebø
Eit av læringsmåla våre for denne turen var å kunne vise at friluftsliv handla om meir enn å gå langt og gjere ekstreme ting. Vi ville vise dei at det går fint å ha ein tre dagars tur der vi nesten kunn fyrar bål og ete masse mat. For å få litt meir fysisk aktivitet i løp av turen hadde vi på torsdag ei dessert orientering. Der vi på førehand hadde lagt ut tre postar i terrenget med ingrediensane til desserten vi skulle ha seinare den kvelden. Her var det B2 studentane som fikk ansvaret for økta, den einaste hjelpa dei fikk frå oss vegledar var kartkoordinatane til dei ulike postane. Oppgåva vi gav til B2 Studentane var å prøve å vegleie B1 studentane i orienteringa. På denne måten fikk begge studentgruppene nye erfaringar i løp av turen, B1 lærte betre å orientere og får betre kartforståing, mens B2 fikk meir erfaring i å drive med vegleiing i friluftslivsamanheng. 

Rolig leirliv Foto: Jonas Lillebø

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar