fredag 14. november 2014

Bratte gleder på kampesteinar


Etter ein heidundranes veke på klatrefeltet Kvam i nærleiken av Sogndal med masse klatring, vende
B3 studentane nasen inn mot det avsidesligaenes buldre paradiset Veitastrond. Her skulle dei bli
betre kjend med stein og mose og dei skulle prøve å trosse tyngdekraftas ved hjelp av friksjon,
teknikk og rå muskel kraft.
Gjermund på veg inn i eit buldreparadis Foto: Jonas Lillebø

Buldring kjem frå det engelske ordet «boulder» og betyr på norsk : kampestein / steinblokk. Altså
klatring på store steinar.
Buldring har nesten eksistert like lenge som tindesporten. I brygginga vart det mest brukt som ein
form for trening til dei store tinde ekspedisjonane. Til og med tindesportens far i Norge, William Cecil Slingsby dreiv på med buldring heime i Yorkshire England som trening før summarane i Norge (Grimeland,
2009).


Bulding med Barn og unge

I dag har sporten blitt meir reindyrka og blidt ein sjølv stendig aktivitet innan klatre sporten. Og er
Sveinung buldrer mens Gjermund spotter Foto: Jonas Lillebø
en aktivitet som er lett å ta med for eksempel ein skule klasse på og klare å skape høg aktivitet. Det
ein treng når ein skal drive buldring treng ein relativt lite utstyr, ein treng er buldrematter, eit par
stålbørster og klatresko til elevane. Buldring inneber relativ liten fare ettersom aktiviteten skjer på
kampesteinar eller på mindre bergveggar der fallhøgda aldri vil være veldig stor. I tillegg trengs det
berre litt sikkerheits opplæring slik at elevane kan sikre kvarandre. Sikringsteknikken som blir mest
Foto: Jonas Lillebø
brukt i buldring kallas «spotting», det betyr det er ein person som står bak klatraren og er klar til å ta
i mot viss han skulle falle. Spottaren skal i fange klatraren i lufta menn heller styre personen trykt ned
på buldrematta (Grimeland, 2009).

Vi som lærar/ledar for aktiviteten kan i steden for å kvalitetssikre at elevane sikrar kvarandre på
normal klippe klatring, kan ein på buldring bruke energien på å instruere og motivere elevane til å
teste sine eigne ferdigheitar.

Kjeldeliste
Grimeland, Geir. (2009) Bratte gleder - klatring med barn og ungdom. Akilles, Oslo

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar