fredag 14. november 2014

Vetle Færøy, eit kulturhistorisk paradis


Igjen var det tur for B3 friluftsliv, denne gongen gjekk turen til ein plass yst i Sognefjorden, nærmare bestemt Solund og Litle Færøy. Solund kommune har ca 900 innbyggarar og har dermed fleire øyer i kommunen enn innbyggarar. 

På Litle Færøy er det ein gamla husmannsplass som eldsjela Roar Moe har slått seg ned og starta opp ein leirskule og eit senter for kystfriluftsliv i området. Han har restaurert  ein rekke bygg på øya i gamle teknikken grindverk. Dette er ein ca 3500-4000 år gammal byggeskikk. Denne teknikken er gjort nesten utan bruk av spiker, reisverket er består av grovt tømmer som er føydd i hop med trepluggar (Ryvarden & Lauritzen, 2006) (Herfindal, 2004).   

Tegning av skjelett til eit grindbygg Foto: Helge Schjelderup
I nausta har Roar ei imponerande samlinga av gamle bruks båtar, heilt frå er den vetle færingen til den store Jekta, dette var ein  båt som hadde blidt brukt til å frakte varer til og frå Bergen – Solund. Dei båtane som vi fikk bryne oss på var ein færingen (to årepar) og ein seksring (tre årepar). Dette var typiske kvardagsbåtar som blei brukt til fiske og generell transport i nærområde.
Det å ro gamle båtar kan vere interessant og spennande, vi fikk en grei innføring i forskjellen på  styrbord og babord, generell ro teknikk,  dei ulike oppgåvene til roarane, og kommandoar som styrmannen.

Dei ulike kommandoane var
·         Ro – ro vanlig
·         Strek – bremse med åra
·         Bake – ro baklengs
Roaren bakerst på babord side var taktholdar. 
Vi ror ein fjæring Foto: Jonas Lillebø

Det å ro ein båt kan vere ein god samarbeidsøving for eksempel elevar i skulen, her må dei samarbeide for at båten skal gå dit dei vil, det kan og vere lurt å rullere på plassane i båten slik at alle får prøvd å vere styrmann og taktholdar. 

Kildeliste
Herfindal K. (2004) Grindbygging: innføring i ein byggeteknikk. Norges Husflidlag 

Ryvarden L, Lauritzen P.R, Poulsson S. (2006) Kyst Norge, Gylendal, Oslo 

Helge Schjelderup (bilde) henta fra http://www.byggogbevar.no/pusse-opp-gammelt-hus/tre/artikler-trehus/grindbygg-%E2%80%93-byggeteknikk.aspx den 1.12.2014

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar