![]() |
| Foto: Jonas Lillebø |
Semesterets
siste tur var ein femdagars tur, der skogsfriluftslivet stod i fokus. Turen
innehald blant anna gapahuk, masse mat og høg bålfaktor. Det som var lagt
størst fokus på var det å bruke bålet til å lage mat som for eksempel å bruke
koke grop.
Kokegrop
er ein eldgamal måte å lage mat på. Det er funne kokegroper som stammer frå
sluten av den eldre steinalder, ca 4000 fr.k. Denne måten var den beste måten å
lage mat på helt fram til dei klarte å lage gryter av kleberstein og jern i den
yngre jernalder. (Foolaid, 2009)
-
Vi
lagar ei kokegrop ved å grave eit hol som er ca 30-40 cm djupt og stort nokk
til å få kjøttet vårt nedi.
-
Så
murar man eit golv og veggar av stein i kokegropa og fyrer eit godt bål nedi
der.
-
Når
steinane er varme tar man ut det som er igjen av bålet.
-
Og
legger nedi kjøttet som er pakka inn i aluminiumfolie ned i koke gropa og legg
nokre steinar opp den.
-
Så
legg vi oppå torva igjen og tettar igjen resterande hol med jord. Du veit at
det er bra når det ikkje stig røyk opp av gropa. Dette gjer vi for å holde på
varmen i gropa.
-
Så
skal kjøttet ligge å steike i eit par timar, spørs på storleik på kjøttet, vi
hadde eit lamme lår på 3 kg, det måtte ligge 2,5t.
-
Når
kjøttet er ferdig stekt er det berre å grave det opp igjen, og bon appetit.
(Mytting
og Bischoff, 2008)
Her er
ein kort video frå da vi lagde koke grop.
![]() |
| Klargjering av lammelår Foto: Jonas Lillebø |
Det å
lage kokegrop saman med elvar i skulen kan være ein veldig bra måte å lære om
steinalder kultur (historie) og korleis ein lagar god mat (heimkunnskap). Her
kan vi som lærar legge opp til at elevane sjølve får lage maten og kokegropa
sjølve, mens vi som lærar kan gå rundt å forklare og lære dei om kokegropa og
bålfyring.
![]() |
| Foto: Jonas Lillebø |
Kjeldeliste
Foolaid E. 2009 http://www.natursekken.no/c1187998/artikkel/vis.html?tid=1212412&within_tid=1188274 (21/11 2013)

















