torsdag 21. november 2013

Gjennom skog og over fjell


Årets fyrste lang tur skulle av staben og destinasjon var ein 7 dagars tur frå Grinde og over fjellet Sogndal. Her var det eit ekstra fokus på geologiske fenomen og planter i fjellet. Eg har plukka ut ti planter vi såg på turen


Musøre
Foto: Kjerstine Mæhle Skjøtskift
Blir ofte kaldt fjellets minste tre. Detter er fordi planta forgreinar seg under bakken, sjølv om det ser ut som det er mange planter er det ei sterkt forgreina plante med mange skott som stikk opp. Musøre spreier føra sine ved hjelp av vinden som fangar opp føra som er festa på bomullsaktige tråar. Musøre er veldig tilpassingsdyktig så lenge den unngjeng konkurranse med andre planter. Derfor finn vi den der få andre planter klarar å etablere seg, sån som i snøleier, fuktige heier og andre fuktige plassar. I Sør-Noreg finn vi han kunn oppe i fjellet men i Nord-Noreg kan vi finne han heilt frå fjøra og langt oppi fjellet. Den er blitt funne i 2200 moh.  Musøre får knoppane sine på seinhausten slik at når våren kjem og snøen forsvinn kan den raskt skyte ut blada sine. Det er derfor ein kan sjå rein og andre beite dyr i enden av snøleia på våren. (Ryvardens, 2006)


Foto: Jonas Lillebø
Einer
Einer er Noregs mest utbredde bartre, i fjellet er ho som regel lav og krypande. Frøa er inni bæra, som bruker to sesongar på å bli moden. Eina kan bli veldi gammal, det er funne eksemplar som er rundt  1000 gamle. Veks ofte i beiteområde og på høgfjellet, er ofte ein av artane som tar over når seter drifta stopper (skusejon). Einer er ein av våre gamlaste medisin planter og krydderplanter. I mat blir det bæra ofte brukt til viltrettar, greinene kan også brukas som krydder, blir ofte brukt til røyking av fisk og kjøtt.
Eina veks frå Lindesnes til Nordkapp, og kan vekse opp mot 1730 moh. i Sør-Noreg. Den er veldig tilpassingsdyktig og veks i nesten all jord, så lenge det lys nokk. (Kristoffersen, 2007)


Rosenrot
Foto: Ryvardens, 2006, s.63
Rosenerot er ein blome i bergknappfamilien. Var plante har både hann og hun blome. Blada er tjukke og inne held mykje vatn, dette gjer at den tåler mykje tørke. Etter pollennæringa døyr hannblomen mens hoblomen blir værande og utviklar røde belgkapslar. Arten finn vi overalt i høgfjellet, og er funne opp i 2300 moh. på Galdhøgpiggen. Rosenrot har blitt brukt i hårvask og i medisinen. Den har eit høgt innhald av c-vitamin og har blitt brukt mot for eksempel sjørbuk. I dag blir den selt som eit potensaukande middel. (Ryvardens, 2006)









Fjellsyre
Foto: Ryvardens, 2006, s.23
Fjellsyre er ei plante som veks i høgfjellet, den likar seg ved snøleier og smeltevantsbekkar. Blada er samla ved bakken mens blomen sitt tett saman på eit aks. Den formeirar seg som regel utan pollennæring. Den sper seg ved at fuglar et frukta og tar med seg frøa vidare. Blada inneheld like mykje c-vitamin som solbær og har blitt brukt som grønsak. Den har blitt brukt som midel mot skjørbuk. (Ryvardens, 2006)










Tyttebær
Foto: Jonas Lillebø
Tyttebær er eit bær som fortsatt er populær å plukke. Blada til tyttebæra er tjukke og læraktig, den er og vintregrøn. Før bæra kjem har tyttebær planta kvite klokkeforma blomar. Bæra er raude. Den veks i lyngskog og heier. Tyttebæra er vanlig i heile landet, og er funne opp mot 1800 moh. Bæra inneheld eit naturlig konserverings middel, benzosyre og held seg derfor svert godt.  (Kristoffersen, 2007)


Molte
Foto: Jonas Lillebø
Molta er i slekt med bringebæra, dette ser vi godt på bæra. Den fins i heile landet, vanligast i fjellet og på myr i fjellskog. Folk blir ofte skuffa, for på moltemyra kan det være masse blomar, men det treng ikkje bety at det blir masse molte. For hannblomen gjev nemlig ikkje frukt. Molta har og mange utløparar, så det som ser ut som mange planter, kan i realiteten ei plante med mange utløparar. Dette forklarar kvifor kunn nokre deler av myra som gjev frukt.  Molta er veldig følsam over regn og frost og dette kan stoppe all utvikling av bær. (Ryvardens, 2006)


Fjellkrekling
Foto: Jonas Lillebø
Krekling fins i heile Noreg, men det er hovudsaklig i fjellet vi ser han. Dette er fordi den er ein krypande vekst og treng masse lys for å overleve, det er derfor vi finn han tørre rappar, knausar og heier, der ikkje treng å konkurrere om lyste. I tillegg har den blad som er fleirårig, slik at så snart snøen smeltar kan den begynne å vokse igjen. Krekling er ein stein frukt sån som plomma, så når vi spis han blir til at vi pressar ut det meste av safta for så å spytte ut steinane. Hovudsaklig er det fuglar som spis krekling. (Ryvardens, 2006)


Kartlav
Kartlav er ein skopelav og ein våre vanligaste lavartar. Den veks på berg og stein. Og veks på sure bergartar som granitt og gnei. Den kan finnes heilt frå havnivået og til toppen av fjellet i Noreg. Når vi går inn mot ein isbre kan vi finne kartlaven på steinane. Den kan seie oss kor lenge sidan isbreen var her. Den veks ganske sakte, ca 5mm på 10år. Dermed kan vi rekne oss til kor lenge sidan breen dekte vekstplassen. (Hamre, 2011)


Kantarell
Foto: Jonas Lillebø
Kantarellen er eggegul, med ei uklart skille mellom hatt og stilk. Den kan bli 5-10cm høg og opp til 10 cm brei. Kantarellen er ein av dei beste matsoppane vi finn i skogen. Den veks fjellbjørkeskog og i fjellet og veks i som regel klynger. Vi finn han i skogen mellom juli og november. (Hamre, 2011)

 



Duskull
Foto: Victoria  Ronnback 
Duskull kan minnas om torvull og snøull, men kan lett skillas ved å sjå at duskullen har to eller fleire aks på toppen av stilken. Den veks i myr, snøleier og ander våt plassar. Den er vanleg i alle fjellstrøk i Noreg, til og med på svalbard. (Kristoffersen, 2007)

Når ein skal undervise om blomstar kan det være lurt å oppsøke dei områda der planta veks. Då får elevane eit meir fysisk minne av planta. Og undervisninga blir meir induktiv og fri enn den vanlege klasseromsundervisninga. Og det vi gjer i praksis hugsar vi som regel betre. (Jordet, 2010)


Før eg begynte på studie kunne eg svært lite om blomster, men etter som eg lærte meir og fikk lov til å studere plantane vart eg meir og meir spennande. Det som gjorde ting litt meir spanande var å få vite litt om kva planta har blitt brukt til i gamle dagar.


Kjeldeliste 
Hamre H.B, 2011 Fjellet, Cappelen Damm, Oslo 
Kristoffersen T. 2007, Det blomstrende fjellet, Vigmostad og Bjørke AS, Bergen
Ryvardens L. 2006, Fjellflora, Damm, Oslo



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar