torsdag 21. november 2013

Kos og hygge i skogen



Foto: Jonas Lillebø
Semesterets siste tur var ein femdagars tur, der skogsfriluftslivet stod i fokus. Turen innehald blant anna gapahuk, masse mat og høg bålfaktor. Det som var lagt størst fokus på var det å bruke bålet til å lage mat som for eksempel å bruke koke grop.

Kokegrop er ein eldgamal måte å lage mat på. Det er funne kokegroper som stammer frå sluten av den eldre steinalder, ca 4000 fr.k. Denne måten var den beste måten å lage mat på helt fram til dei klarte å lage gryter av kleberstein og jern i den yngre jernalder. (Foolaid, 2009)
-          Vi lagar ei kokegrop ved å grave eit hol som er ca 30-40 cm djupt og stort nokk til å få kjøttet vårt nedi.
-          Så murar man eit golv og veggar av stein i kokegropa og fyrer eit godt bål nedi der.
-          Når steinane er varme tar man ut det som er igjen av bålet.
-          Og legger nedi kjøttet som er pakka inn i aluminiumfolie ned i koke gropa og legg nokre steinar opp den.
-          Så legg vi oppå torva igjen og tettar igjen resterande hol med jord. Du veit at det er bra når det ikkje stig røyk opp av gropa. Dette gjer vi for å holde på varmen i gropa.
-          Så skal kjøttet ligge å steike i eit par timar, spørs på storleik på kjøttet, vi hadde eit lamme lår på 3 kg, det måtte ligge 2,5t.
-          Når kjøttet er ferdig stekt er det berre å grave det opp igjen, og bon appetit.
(Mytting og Bischoff, 2008)

Her er ein kort video frå da vi lagde koke grop.



Klargjering av lammelår  Foto: Jonas Lillebø
Det å lage kokegrop saman med elvar i skulen kan være ein veldig bra måte å lære om steinalder kultur (historie) og korleis ein lagar god mat (heimkunnskap). Her kan vi som lærar legge opp til at elevane sjølve får lage maten og kokegropa sjølve, mens vi som lærar kan gå rundt å forklare og lære dei om kokegropa og bålfyring.   
Foto: Jonas Lillebø

Kjeldeliste
Foolaid E. 2009 http://www.natursekken.no/c1187998/artikkel/vis.html?tid=1212412&within_tid=1188274 (21/11 2013)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar