Endelig
hadde det komt litt meir snø i Sogndals området og det var klart for B2 mini
topptur camp, turen gjekk til Vigdalen i Jostedalen. Det var ein liten innmarsj
på 3-4 km. Undervisnings fokuset på denne turen var å gjere gode vurderingar i
forhold til vegval i fjellet og kamerat redding i skred. Når ein person blir
tatt i skred har ein fryktelig dårlig tid, viss vi har eit offer som er totalt
begravd i skredmassane har ein ca 15 min før sjansen for å finne personen i
live byrjar å falle drastiske (sjå graf). Dette er fordi at ein fort går tom
for luft, i følgje Temper (2008) kan det bli danna ei ismaske rundt offerets
ansikt som gjer at det fort blir tomt for luft.
Når vi
har så dårlig tid er det viktig at vi tar i bruk alle hjelpe midel som kan
redusere leite- og utgravingstida. Ein sendar mottakar er eit godt hjelpe midel
for å finne kompisane sine. Men det hjelp ikkje å kunne å bruke S/M, men ein
skal og grave ut personen, dette er kanskje det som tek lengst tid i under ei
kameratredding. I følgje Temper (2008) fins det to metodar for å grave ut ein
person på, ein rett og ein feil metode.
Feil metode
Det mange
gjer feil når dei skal grave ut ein person er at dei begynner å grave rett ned
langs søke stanga. Det er fleire grunnar til at du ikkje skal gjer dette.
1.
Vis
den skredtatte har ei lita luftlomme kan du ved å stå å grave rett over kan du
øydelegge den vesle luftlomma som han hadde.
2.
Ved
å grave nedover langs søkestanga må du kaste snøen oppover og ut av holet,
dette er fysisk krevande over lenger tid. Du vil og risikere å måtte flytte
snøen fleire gonger.
3.
Det
vill være vanskelig å få den skredtatte ut av holet, viss det er veldig lite,
vi må derfor grave eit unødvendig stort hol.
(Temper, 2008)
Rett metode
| Temper, 2008, s.262 |
Undervising i graveteknikk
Den beste
undervisninga skjer i den rette konteksten, altså i snøen. Og viss vi har
tilgang til ein gamalt skred så er det enda betre, for då vill det likne mest
på ein reell situasjon, skredsnø er veldig hard og kan være vaskelig å grave i.
Men dette er ikkje nødvendig, det viktigaste er ein bakke som er litt helning
på, sidan det er der skreda går. Undervisninga kan leggas opp på ein litt
induktiv måte. Eg stikker ein søke stang oppe i ein bakke og gir dei oppgåva å
grave til botn av stanga, utan nokon instruks i korleis dei bør grave. Det som
ofte skjer at dei byrgjar å grave men feil metode. dei vill fort oppdage at
dette går sakte og er vanskelig å grave. Etter dei er ferdig kan vi diskutere
korleis det dette gjekk bra eller dårlig, for så å foreslå den rette teknikken
og la dei prøve på nytt. Etter på tar vi ein ny runde og diskuterar om det
gjekk bra eller dårlig. Forhåpentlig gjekk denne gongen betre og elevane har
forstått kvifor ein skal grave på denne måten.
Kjeldeliste
Temper,
B. (2008) Staying alive in avalanche
terrain. The mountaineers books, Seattle
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar