onsdag 14. mai 2014

Jotunheimen på tvers, med superlett mat


Tung pulk i oppoverbakke. Foto: Asbjørn Forland

Det var klart for at eigenferd på B2 friluftsliv og dei tre studentane Asbjørn, Tom Arne og underteiknande (Jonas) skulle legge ut på ein lang ferd gjennom Jotunheimen, nærmare bestemt får Spiterstulen til Tyin. Sidan turen skulle gå over fleire dagar (6 dagar) og turen var lang (6-7 mil) var det viktig for oss å gjere pulkane våre så lette som mogleg. Noko av det tyngste vi tek med oss er mat, men går det ann å spare vekt utan at det går utover matmengda? Svaret er JA. Kjøtt og grønsaker inneheld masse vatten, og ved å kvitte seg med dette vatnet sparar vi mykje vekt, på grønsaker kan vi reduser vekta med ca 90%, på kjøtt kan vi saper ca 50% avhenging av menga fett i kjøttet. Til mindre fett i kjøttet, til meir vekt klarar vi å fjerne. Tørking av mat er ein gamal måte som konserverar maten og gjer at han held lenge utan at han blir harsk eller fordervar.

Maten kan tørkast på forskelig måtar, grønsaker kan skjeras opp i tynne skiver og tres inn på ei snor som hengas opp på ein varm og luftig plass. Denne metoden tar lang tid men det er mogleg å gjer det heime på kjøkenet ved å bruke steikeomnen, har du varmluft fungerar det best, men det fungerar også med over- undervarme. Ved tørking av kjøtt steikas kjøttet først før det leggast på ei steikeplate og settas inn i omnen på 50°C med omnsdøra gløtt. Tørketida varierar om kor store bitar som er i omnen, støre bitar, lengre tid. Når den tørka maten skal lagas er det viktig å hugse på at maten bør leggas i vatten ei stund slik at den får anledning til å ta til seg den ny veske, vist ikkje får maten ein tørr konsistens  (Horgen 2010).

Viss du ikkje har tilgang på steikeomn kan du lage di eigen tørkemaskin. Eg har laga ei ved hjelp av ei pappkasse, ei steike rist og ein skotørkar (Sjå bilete).  Denne fungerte yppelig og tok ca 8-12 timar for å tørke eit brett.
Heimelaga tørkemaskin. Foto: Jonas Lillebø
Rista ligg midt i kassa. Foto: Jonas Lillebø



















Kjeldeliste
Horgen, A. (2010). Friluftslivsveiledning vintertid. Høyskoleforlaget, Kristiansand. 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar