onsdag 14. mai 2014

Over fjellet med godt mot men utan sikt

Litt dårlig sikt, Foto : Jonas Lillebø
Det var igjen tur for B2, og denne gongen skulle dei få bryne seg noko av det verste det norske høgfjellet kan tilby på vinterstid, nemlig snø og vind. Turen strata med at vi vart satt av på Breistøelen nokre mil før Hemsedal. Været var ikkje med oss og vi steig ut av bussen i strek vind og snø, vi kunne til tider sjå langt, men som regel varierte det mellom 10-50 meter. Det er i slike situasjonar at det å kunne orientere seg god kjem inn. Men korleis kan vi orientere oss utan å sjå noko. Det fins fleire metodar for å orientere i uoversiktlig terreng.
Litt sikt Foto: Jonas Lillebø
  1. Finn ut kor du er og kor du skal, ditt neste punkt bør være noko som er lett å fange oppdage sjølv i dårlig sikt, for eksempel eit vatn eller ein stor varde. No finn du kursen din ved å bruke kart og kompass
  2. I god sikt kan det være lett å holde kursen, då er det berre å sikte med kompasset og gå mot eit tydlig punkt i terrenget for eksempel ein stein eller eit tre. Viss dette ikkje er mogleg bør lage siktelinjer ved hjelp av to andre personar, dei tre fremste personane går med ca 5 meter mellom rom, får då kan number tre bruke dei to andre som sikte linje, på denne måten er det lett for nummer tre å sjå om vi plutselig begynner skeine ut av kurs.
  3. For å ha kontroll på kor langt ein har godt kan det være lurt å berekne kor fort ein går, for ei stor gruppe beveger ein seg mellom 3-4 km/t i god sikt, men ein kan gå saktare i dårlig sikt. Så viss vi bestemmer oss for at vi skal gå ein time på ein kurs veit ein at ein har bevegd seg ca 3-4 km på kartet.
(Horgen 2010)



Gjennom heile turen hadde vi det som lærarane likar å kalle godt læringsvær, dårlig sikt og treigt føre. Dette førte til vi ikkje klarte dei planlagde dags etappane.

Undervisning i dårlig sikt
Når ein skal undervise om korleis ein skal orienter i dårlig sikt er det ikkje alltid værgudane velsignar oss med dårlig sikt. Den aller beste læringa skjer jo i dårlig vær, men viss eit av læringsmåla er å takle dårlig sikt kan vi som lærarar legge inn nokre didaktiske grep. For eksempel kan vi han blind for augo til den fremste personen, dette gjer at det blir vanskelig for han å holde ein stø kurs og dei bak han stadig rette han inn for å holde kursen. Det er også viktig at vi som lærarar tar visse forhandsregla når vi orienterar, for eksempel at vi har med GPS viss det skulle bli nødvendig.  


Kjeldeliste

Horgen, A. (2010). Friluftslivsveiledning vintertid. Høyskoleforlaget, Kristiansand.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar